Men skulen i dag manglar forståing og verktøy samt støtte i læreplanar og eksamensforskrifter for å møte den digitale tekstkulturen som er på frammarsj, seier Arne Olav Nygard. Han er stipendiat i lesevitskap ved UiS.
No er det på tide at skulane endrar tekstsynet. Omgrepa frå papirverda gjeld ikkje lenger. Skulane må bli meir opptekne av at kunnskap blir ordna i nye samanhengar, med følgjer for korleis vi tenkjer om lesing og skriving, meiner Nygard.
Han meiner at digital tekstforståing og kunnskap om digital tekstbruk må mykje tyngre inn i lærarutdanningane. Han viser til at etterutdanningsreforma knytt til Kunnskapsløftet skulle sikre at lærarane vart skodde for å møte den digitale tekstkulturen.
Det er ikkje slik at elevane kjem inn i klasserommet og tek rotta på læraren. Elevar flest er flinke på eit smalt felt. Dei kan spele nokre spel og er kjappe deltakarar i sosiale medium. Men ber du dei om å løyse ei oppgåve der dei skal bruke kjelder, kan det hende dei manglar kunnskap om korleis ein søkjemotor fungerer
Det nyttar nemleg ikkje å google seg fram til all verdas kunnskap. Skal ein vere ein god informasjonssøkjar på nettet, krevst det både språkleg presisjon og allmennkunnskap. Og her kjem læraren inn med sin ekspertise
Nygard kjenner til fleire lærarar som er aktive når det gjeld å ta i bruk det nye digitale kunnskapsfeltet. Då har han meir å utsetje på norskeksamen, som han meiner er eit kroneksempel på ein anakronisme